|
 

Glimt frå historia

Dato/årstal Hending
1736 KONFIRMASJON: Det blir innført konfirmasjon i Noreg. Lova sa at alle måtte konfirmera seg innan ein fylte 19 år, eller så kunne ein ikke utføra militærteneste, inngå ekteskap, vera fadder eller vitna i rettssaker. Konfirmasjonen var tvungen fram til 1912.
1758 BRENNEVIN: Heimebrenning av sprit vart forbode. Forbodet varte til 1816. Etter ein periode med «fri flyt» kom eit nytt forbod i 1842, og tre år seinare kom det lov om brennevinsutsal.
1816 PENGEEINING: Spesidalar vart innført som ny pengeeining, og riksdalar gjekk ut av bruk.
1853 AMERIKABILLETTAR: Mange utvandra til Amerika, sjølv om billettprisane var skræmande høge.14 spesidalar for vaksne, 10 spesidalar for dei under 18 år, 8 spesidalar for dei under 12 år og 6 spesidalar for dei mellom 6 og 1 år. Ei middels bra ku kosta til samanlikning 14 spesidalar.
4. mars 1854 ULVEJAGING: Alle vaksne menn måtte vera med på å jaga ulven. Folk frå Strand, Årdal, Fister og Hjelmeland gjekk manngard. Dei tok heile heiane føre seg, dei hoia, ropte, skreik og skaut i lufta for å skræma ulven vekk.
30. mai 1898 RØYSTERETT: Vanleg røysterett for menn blir innført.
1910 SOLDATHØGDE: Vernepliktige soldatar hadde ei gjennomsnittleg høgd på 171,1 cm.
1915 ARVERETT: Stortinget vedtok lik arverett for barn fødde i og utanfor ekteskap.
1919 ARBEIDSDAG: Det blir innført 8-timars arbeidsdag i Noreg. Fire år tidlegare vart det innført 10-timarsarbeidsdag.
1923 FJORDFART: A/S Jøsenfjorden Rutelag vart stifta, og dei hadde ruter mellom Stavanger og Årdal. På vegen var dei innom dei fleste bryggene frå Tau til innover Årdalsfjorden.
1924 RADIOKRINGKASTING: Den mellombelse kringkastinga frå Kristiania starta sendingane sine. Avgifta for å ha radioapparat var 5 kroner per år.
3. juni 1938 RYFYLKEVEGEN: Ryfylkevegen mellom Tau og Årdal langs Tysdalsvatnet vart opna. Då var det endeleg moleg å koma fram til nabokommunen i sør med bil. Vegen hadde då kosta 438.000 kroner.
29. desember 1941 KRIGSOFFER: Georg Fjellberg blir skoten av nazistane. Han sat i fengsel på Akershus, og vart avretta ein stad i Nannestad. Fjelberg var smed på Hjelmeland, og etter mobiliseringa i Røldal var han med på å gøyme vekk våpen dei fekk utlevert. Dødsdommen fekk han saman med fleire andre den 22. desember.
1. mars 1959 ARBEIDSVEKE: Det blir innført 45-timars arbeidsveke.
1960 MJØLKEKARTONG: Mjølkeflaskene forsvann og pappkartongane tok over.
1960 PRIVATBIL: Bilrasjoneringa blir oppheva, og alle som har råd kan kjøpa seg privatbil.
1. januar 1965 KOMMUNESAMANSLÅING: Hjelmeland, Fister og Årdal kommunar blir slegne saman til nye Hjelmeland kommune. Sunngardane (Ur, Sørskår og Døvik) i gamle Årdal kommune vart frå same tid overflytta til Strand kommune. Fisterøyane vart også overflytta frå gamle Fister kommune til nye Finnøy kommune. Buer i gamle Jelsa kommune vart overflytta til Hjelmeland-sida av Ombo, og øya vart dermed "berre" delt mellom Finnøy og Hjelmeland, i motsetnad til dei tre tidlegare kommunane.
1965 FARTSGRENSER: Det blir innført nye fartsgrenser: 50 km/t i tettbygde strok og elles 80 km/t
1965 DISTRIKTSLEGE: Doktor Rein blir tilsett som distriktslege for området Strand, Forsand og Hjelmeland.
1965 RIKSVEG 13: Ryfylkevegen fekk nemninga riksveg 13. Den starta i Sandnes, gjekk til Lauvvik-Oanes, Jørpeland, Tau, Årdal, Hjelmeland og heilt til Sand-Ropeid og Saudasjøen.
1968 POSTNUMMER: Postverket innførte postnummer for alle poststadene i heile Noreg.
1. januar 1970 MOMS: Det blir innført 20 prosent moms på varer og tenester.
1. oktober 1976 FÆRRE POSTKONTOR: Postkontoret på Sandanger på Randøy blir lagt ned, og randøybuen får adresse Hjelmeland.
1978 KUNSTLAG: Ryfylke Kunstlag blir stifta. Medlemmene kom frå Hjelmeland, Suldal og Strand. Laget fekk 60 medlemmer.
1980 BARNEHAGE: Dei første heildagsbarnehagane i kommunen vart sett i drift. Foreldra i Årdal, med Bjørg Borgen i spissen, arbeidde for å få til ein privat barnehage. Det lukkast, og det vart sett opp brakker ved skulen. Der var det plass til 15-16 ungar 4 dagar i veka. Det var ei foreldregruppe som åtte og dreiv barnehagen.
januar 1981 FORSAMLINGSHUS: Det er for tida mange forsamlingshusprosjekt i kommunen. I Askvik er arbeidet med tomta til Samfunnshus kome godt i gang, og Fisterbuen har planane klare for grendahus til 2,3 millionar kroner. I Årdal blir det drøfta store utvidingar og bygging for heile 3 forsamlingshus. Bedehusstyret drøftar store utvidingsplanar, eit nystarta ungdomslag vil gå i gang med å rusta opp det gamle ungdomshuset og det blir arbeidd med å byggja ut skulen, slik at det blir plass til stor forsamlingssal og 25 meters symjebasseng.
1981 KJØRETØY: Det er registrert 1639 kjøretøy i Hjelmeland kommune.
29. november 1990 FÆRRE ARBEIDSLEDIGE: Det er registrert 29 arbeidsledige i Hjelmeland kommune. Dette er mindre enn på same tid i fjor.
1990 STRAFFESAKER: Statistikken syner ein drastisk nedgong i talet på straffesaker i kommunen. I 1990 var det 64 straffesaker, mot 118 i 1989. Av dei 64 straffesakene i 1990 var det mellom anna 4 melde brannar, 22 tjuveri/innbrot og 7 pågripingar (av desse ei utrykking med våpen).
1990 TRAFIKKAUKE: I løpet av 1990 hadde ferja over Jøsenfjorden samanlikna med 1989 ei stor auke i trafikken. Det vart frakta 6,9 prosent fleire bilar og 13,4 prosent fleire passasjerar på strekninga Hjelmeland-Nesvik. I desember månad vart det frakta 6.836 bilar over fjorden. Ferjesambandet vart flytta til Hjelmeland og Nesvik 1. juni, så noko av auken skuldast nok ein auke i lokaltrafikken mellom Nesvik og Hjelmeland.
januar 1991 DATAMASKIN: Lensmannskontoret i Hjelmeland tek i bruk EDB (datamaskinar).
januar 1991 BÅTSKYSS: Ny båtrute frå Fister til Finnøy. Båten går frå Grønvik til Judaberg (via Bokn og Byre) to gonger om dagen. Jon Arne Helgøy har ansvar for denne ruta.
januar 1991 GLASCONTAINARAR: Containarar for glasavfall er komne på plass ved Økonom i Årdal og ved ferjestøa på Sande. Containarane har eigne avdelingar for farga og blankt glas, og kjem til å bli tømde ein gong i året. Avfallet blir transportert med lastebåt til Moss for å bli smelta om der.
januar 1991 DRIVSTOFFPRISAR: Bensinen blei 75 øre dyrare frå nyttår. Bensinprisane i kommunen er stort sett den same. Diesel får ein for kr 3,67 per liter, bortsett frå Randøy Handel der prisen er kr 3,40. Blyfri kostar kr 6,86 literen, medan super kjem på kr 7,50 per liter. Prisen på blyfri og super ligg nokre øre høgare hjå Randøy Handel. 1 liter bensin er for første gong på lenge dyrare enn 1 liter mjølk, då utsalsprisen på mjølk gjekk ned med kring 60 øre literen frå nyttår.
januar 1991 LYSLØYPE: Lysløypa på Bjødnabu blir offisielt opna av ordførar Håkon Helgøy. Løypa stod ferdig i 1990, men snømangelen gjorde at det vart lite skigåing. Løypa er lagt i fine sløyfer ved Forevatnet, ei god og variert løype på 3,2 km. Lysløypa har 82 lysmaster som krev 7,5 kW for å kunna drivast. Ved startplassen er det bygd ei varmestove. Heile lysløypa kosta drygt 700.000 kroner. Det er idrettslaget Hjelm som har bygd anlegget og skal stå for drifta, men eigedomsretten tilhøyrer kommunen, som også gjev stønad til oppkjøring av løypene og diesel til straumaggregatet.
januar 1991 PORNOBLAD: Mångt & Metta har det einaste bladstativet i Hjelmeland der ein finn mannfolkblad for sal, deriblant pornobladet Cupido. Mångt & Metta sel for ordens skuld også andre magasin enn berre porno.
januar 1991 VIDEOUTLEIGE: Jan Olsnes har starta videoutleige i andreetasjen i Årdal Aktivitetshus. Videobutikken skal vera open nokre timar kvar dag, 18:00-20:00 på kvardagar og 15:00-17:00 på laurdagar og sundagar. Olsnes fekk før jul i 1990 avslag frå kommunen på ein søknad om å driva video-utleige i Mælslia i Årdal.
7. februar 1991 OMBYGGING AV KOMMUNESTYRESALEN: Kommunestyremøtet blir halde på den nye Fister skule. Kommunestyresalen har vore til ombygging i desse dagar, og det blir for knapp tid til å utstyra den med møblar, inventar og liknande.
14. februar 1991 TEATERKOMEDIE: Hjelmeland Teaterlag har premiere på komedien «Brødrene Østermann - Huskrossen».
19. april 1991 LANDSKAPSVERNOMRÅDE: Lusaheia landskapsvernområde (122 km2) og Vormedalsheia landskapsvernområde (120 km2) blir oppretta. Vormedalsheia landskapsvernområde omfattar delar av gardane Nedre Hauge, Øvre Hauge, Segadal, Førre, Vormelandsvik, Vormeland, Fundingsland, Rødlende, Tøtland, Tveita, Meland, Kleivaland, Ritland, Helgaland, Laugaland, Hauskje, Nedre Mæle, Øvre Mæle, Østerhus, Nedre Valheim, Tengesdal, Grasdalen og Viglesdalen. Lusaheia landskapsvernområde omfattar delar av gardane Grasdalen, Storådalen, Viglesdalen, Svadberg, Stølen og Hjelmeland Statsallmenning.
14. november 1991 TREKANTSAMBAND: Ferjestøa ved Skipavik på Ombo opnar. Bilferja MF Hjelmeland går frå den dagen i trekantsambandet Hjelmeland-Nesvik-Ombo. Prisar for ein personbil: Hjelmeland-Ombo 38 kr, Nesvik-Ombo 35 kr, Hjelmeland-Nesvik 32 kr. Klyppekort for bil på alle tre strekningane kostar 912 kr for 40 klypp.
23. november 1991 BARNEHAGE: Hjelmeland barnehage markerer 10-årsjubileum. Barnehagen blir driven av Hjelmeland Indremisjon
20. desember 1991 FRITT ØLSAL: Hjelmeland kommunestyret vedtek med 14 mot 11 røyster å opna for fritt sal av øl over disk i butikkane. Butikkane får etter søknad løyve til å selja øl i klasse 2. Dette skal vera ei prøveordning i to år. I 1991 ville det bli selt ca. 11.000 liter øl i skatteklasse 2 og 500 liter i skatteklasse 3.
desember 1991 MINIBANK: Den første minibankautomaten i kommunen blir opna av ordførar Håkon Helgøy. Minibanken står i bygget til GEA Trafikksenter i Årdal, og blir driven av SR Bank.
2006 SOLDATHØGD: Vernepliktige soldatar hadde ei gjennomsnittleg høgd på 179,9 cm.
august 2009 ASFALTDEKKJE: NCC legg nytt lag med asfalt på fylkesveg 660, mellom Fossanetunellen og gardsvegen til Hetland.
28. juni 2010 FILMINNSPELING: Filmen «Få meg på, for faen» startar innspelingane i Hjelmeland kommune. Mellom anna busskuret på Hetland vart brukt som kulissar.
1. juli 2010 FOLKEAUKE: 2.788 personar er busette i Hjelmeland, noko som betyr ein folkeauke på 44 personar sidan nyttår 2010. I løpet av første halvår var det 20 fødde, 12 døde, 98 innflytte og 62 utflytte.
juli 2010 NY ASFALT: NCC legg nytt lag med asfalt på fylkesveg 660, mellom gardsvegane til Hetland og Breiland.
14. oktober 2010 SANDTAKOPNING: NorStone opna nytt sandtak i Jøsenfjorden. Sandtaket skulle gje bygda 4-5 nye årsverk.
besøkande sidan 01.01.2011