|
 

Ord og uttrykk frå Hjelmeland

Ord Ordklasse Tydig Døme på bruk
akslabrand s. trestokk som er passe stor til å bera på aksla
annige a. oppteken, rastlaus, ivrig, utålmodig E du så annige at du ikkje kan komma inn ein gong?
avsjå v. gje frå seg Kan du avsjå litt mjøl? Eg har 'kje meir itte.
babla v. snakka fort og utydeleg Ka e de nå du balba om?
bodavon a. når noko er øydelagt, men framleis mogleg å reparere Knivad'n dine såg någe slitne ud, men dar e jo ennå bodavon i di.
brigjen adj. ein som krev stor plass Du må 'kje vara så brigjen! Andre må og få plass.
brogete a. vanskeleg, problematisk Nei, dette ser brogete ud.
børatåg s. reiskap som vart nytta til høybering Når me ska ha inn høye broga me børatåg.
dasjen adj. trøytt, slapp, halvsjuk Eg bler så dasjen av den hersens flonså.
einbinning s. eineborn Eg har haurt at 'an Peder e einbinning.
far s. spor, merke, avtrykk (særleg etter føter) Eg såg far itte både folk og dyr.
flonsa s. influensa Eg fekk flonså i går.
fløydekodla s. nymjølka mjølk som har syrna i ei trekolla De e godt me litt fløydekodla itte kaffien.
glikka v. le, flira, ha moro av De va så løye at eg måtte glikka
hauraga a. når noko er fylt opp slik at ein får haug Me plokka tri hauraga kårjer me brinjeber.
hegda v. å spara på Du tar 'kje hegda på eplekaged'n. Dar e meir itte der di kjeme frå.
hegel s. trebøyle som vart nytta til å stramma tauet i børatåget Du får vel helle finna fram hegled'n, så me får ha inn høye.
hela s. frossen dogg, rim De e hela på markjå og rim i trenå
helsaspødla De bler fort helsaspødla av når me ikkje får nok sveb'n.
hippa s. loft, lem Eg gjekk opp på hippa for å sjå om eg fant dei gamle skonå mine.
hogverk s. angst, samvitsgnag
håttalause a. gløymsk, distré, tankelaus Du e så håttalause at du snart gløyme vede!
illing s. lyn De va både tora og illing i jerrkvell.
ilåd s. objekt til å ha noko anna i Når me handla på butikken, må me ha någe ilåd te å få vared'n him i.
inkjevetta adj. ubetydeleg, lite, smått, lite verdt Vermelinjå sa at de sko ble godt skiføre te heljå, men de blei bare någe inkjevetta.
istemjølk
jedna adv. kanskje Eg kjeme jedna i mårå.
joreple s. potet Me ska ha sill og joreple te middag.
jysla adj. veldig De kjeme te å ble jysla kalt ude i nått.
kilsost s. råmjølkspudding Kilsosten te mor va så go at di hadde haurt om an i nabokommuen.
kjeringkikkert s. når ein held handa over augo for å skugge for sola De va så voldigt modlys, at eg måtte ty te kjeringkikkerten.
kjetta s. hokatt Nei, nå har den gamle kjettå fått kattongar igjen.
knoda v. snakka tilgjort eller fint Når 'u kom him frå byen, knoda 'u så ei bydama.
kved'l s. ullteppe Dar e så kalt om dajen, at eg må sidja me kved'l på meg.
kådla s. trekar til å ha mjølk i, oftast av bjørk. Kan du vara jille å gå itte meir mjilk i kådlå?
kådla v. skanta, runda av Kådla tømmerstokkjen i suen, slik at 'an glir bedre!
legervall a. for lite av noko Sin tysdag va kjøbmaen i legervall for bananer.
lesta v. lata som An sko lesta jelpast te, med der va lide gagn i de.
ljora v. binda fast, kneppa til Du må ljora båden fast så 'an ikkje blese av.
lodder s. spøta ullsokkar Lodded'n va så hålete at kånå fekk ett svare strev me å bøda di.
maie s. mage Eg har så vont i maien.
naua v. lida naud, ta skade av Eg naua 'kje så snart så båden vagga litt. Eg bler alre sjøsjuge.
pal adv. urørleg, utan å lea seg, bom fast Eg sa 'an sko flytta seg, men 'an sto bare pal.
pengetaska s. pung, lommebok An fant någe småpenger i pengetaskå.
potla v. arbeida smått, sysle, hefta seg med De e allti grett å ha någe å potla me.
rigla v. vera ustø, vippa Dette bore e så lealaust at de står berre å rigla.
saub s. væska som er att når ein tek ut smøret frå kinna mjølk Saub e allti godt attåt mellemaden.
sjør s. surmjølk Me må allti ha saub te komlå.
sjøydalause adj. uforsiktig De e 'kje løye de går gale når di e så sjøydalause.
spøda v. strikka Nå ska me spøda lodder te deg.
sulka v. skitna/grisa til, skjemma ut Å nei å nei, koss du har sulka deg te, bad'n!
sveb'n s. søvn, medvitslaus kviletilstand når ein søv Eg prøvde å vekkja 'an, men an låg i jube sveb'n.
tar v. treng Du tar 'kje jera de.
taska s. veske Eg trur eg har lagt brilled'n i taskå.
tågatamp s. tau, reip Gå itte ein tågatamp, så me får binda studen fast!
tåkke s. berr mark Du trenge 'kje broga kjetting på tåkkå.
vedåge adj. fornuftig Du kan 'kje vara heilt vedåge.
ymta v. nemna U ymta frampå om at 'u ville ha høgare lønn.
øvejidde adj. forundra Eg blei øvejidde når 'an va så forandra.
øyra s. enden på not eller garn Her kan me festa øyra i lann.

Kjelde:Mesteparten av orda er snappa opp i samtalar som Morten Hetland har hatt med Aslaug Hetland, Magnus Hetland, Per Kvame, Åshild Kvame, Palma Ommundsen, Jon Ullestad, Else Ullestad og Magne Hetland.

besøkande sidan 01.01.2011